ATHENO

Atheno AS

@atheno_as

Stord, Vestland
http://www.atheno.no
Business Consulting and Services

Overview

About Atheno AS

Atheno skal bidra til å fremja ein unik kultur for nyskaping i Sunnhordland, og bidra til auka innovasjon og verdiskaping i nye og eksisterande bedrifter i regionen. Atheno arbeidar for å sikra langsiktig vekst og verdiskaping i regionen gjennom å styrkja innovasjonsevne og konkurransedyktighet. Som regionalt samarbeidsorgan er Atheno opptatt av at både bedrifter og kommunar blir knytt tettare saman i næringsutviklingsarbeidet. Fundamentet i verksemda vår er samfunnsengasjerte medlemsbedrifter. Atheno si oppgåve er å samla industrien på tvers av klynger, bransjar og kommunegrenser. Mellom desse skal det byggjast nettverk som skal bidra til å vidareutvikla eit allsidig industrimiljø gjennom felles utfordringar og moglegheiter. Atheno er resultat av ein fusjon mellom tidlegare Industrinettverket AS, etablert som samarbeidsorgan for bedrifter i Sunnhordland i 1992, og industriinkubatoren Vekst Industri Sunnhordland som vart etablert i 2004. Jobbar du med ein spanande forretningsidé? Kanskje me kan bidra? Ta kontakt! Atheno sitt føremål er: Å fremja samarbeid innan industrien i regionen. Dette skal primært skje ved å utvikla nettverksarenaer for å gjera medlemsbedriftene meir innovative og konkurransedyktige. Ressurspersonar frå bedriftene skal knytast saman i ressursnettverk. Å driva inkubatorverksemd i regionen og arbeida for entreprenørskap og nyskaping i vid forstand. Å driva regionalt nærings- og samfunnsutviklingsarbeid som bidreg til oppstart og vidareutvikling av verksemder i Sunnhordland. Å tilby tenester til næringsliv og offentlege aktørar til så høg kvalitet og attraktiv pris at ein vert den føretrekte samarbeidspartnaren før desse. Å arbeida fram samt å tilretteleggja og tilby naudsynt kompetanse i regionen.

Headquarters

Stord, Vestland

Website

http://www.atheno.no

Company Size

2-10 employees

Industry

Business Consulting and Services

Company Type

Privately Held

Founded

1987

Specialties

Inkubator, Bedriftsnettverk, and forretningsutvikling

Posts